torsdag 17. april 2008

Referat fra møtet 15.04.08

Referat Instituttutvalsmøte AHKR

Grupperom O Sydneshaugen skule

15.04.08


Til stades:

Marius (historie) ordstyrar

Ingrid (historie)

Line (kultur) skrivar

Reidar (historie)

Åsne (arkeologi)

Sak 1 Økonomimøte onsdag 9 april

Representantar for alle fagutvala samt for instituttutvalet møtte administrasjonen ved Britt Holsen for å komme fram til ordning for å søke om pengar for fagutvala og instituttet. Retningslinjene har tidlegare vore oppfatta som uklare. Resultat er at kvart fagutval får 1000 kroner i semesteret til eigen konto som så blir administrert av fagutvala. Ekstra midlar kan søkast om til fagkritisk dag og tilsvarande. Instituttutvalet får også same sum i semesteret som eit ’femte fagutval’. Fagutvala må søke spesifikt kvart semester, men treng ikkje spesifisere til kva. Generell studentvelferd skal halde som grunn.

 Marius tek ansvar for å opprette bankkonto og sende søknad til Britt Holsen for IU dette semesteret.


Det vart også tatt opp spørsmål om prosedyrar for å få attest på at folk har vore med i dei ulike utvala og råda. Det vart bestemt at fagutvalsleiar skriv for medlemmane i fagutvalet, instituttutvalsleiar skriv for fagutvalsleiar og medlemmane i instituttutvalet, så vert attestane sendt til Randi Power for signatur. Det er meir snakk om skildring av arbeidsoppgåver enn personlege eigenskapar.

 Marius sender epost til Power med spørsmål om å få laga ein mal med AHKR-logo som kan brukast til dette føremålet.


Eit tredje tema tatt opp var spørsmålet om IU kan bli lagt til som undergruppe under AHKR som alle blir automatisk medlem i. Emma Elisabeth Horneman, førstekonsulent på instituttet med ansvar for studierettleiarane, skal sjå på om dette er mogleg, og gir tilbakemelding på dette til Håkon (religion).

Sak 2 Tverrfagleg arrangement – evaluering samt planlegging av nytt

Arrangementet var vellukka. Lokalet, egget i studentsenteret, altfor stort, men betre enn forventa, og godt utstyrt i forhold til bruk av datamaskin.


Neste arrangement blir gjort med denne som mal – kvart fag får tak i kvar sin talar som tek for seg temaet relatert til eige fag. Mangfald er tema. Dato: 9 september.

Fagutvalet i kulturvitskap tek på seg å vere arrangementskomité.

Snacks

Sørgje for at alle kurs får besøk av nokon som kan fortelje om arrangementet samt fortelje om fagutval og instituttsutval

Skaffe lokale

Reklamere

Ordstyrar

Sak 3 Karrivalen – kvifor gjekk det ikkje

AHKR sin komite fekk ikkje bedrifter til å komme, sannsynlegvis grunna kort varsel.

 til Karrivalen neste år set IU i gang ein komite som tek ansvar for dette frå hausten av.

Sak 4 Europastudie med i IU

Ikkje representantar for Europastudie til stades, saka blir strøken.

Sak 5 Heimesider og epostadresse til IU

Vi har blitt moderne:

Nettstad: http://iuahkr.blogspot.com

E-post: iuahkr@gmail.com

Leiar og nestleiar har passord til begge stader.

Sak 6 Diverse

Lesesalsplassar.

Ingrid har fått svar frå Kjerstin Tønseth på spørsmålet om kva som skjer med masterleseplassane på AHKR. Administrasjonen veit ikkje kor og kven, men har satt flyttedato mellom 15 mai, innlevering for master, og munnleg eksamen i juni. AHKR har ikkje nok til at alle kan flyttast bort på instituttet.

IU føl saka vidare, og tek ho også opp med HFSU.


Neste møte blir etter behov.


Ingen kommentarer: