mandag 7. april 2008

Møtereferat fra 1. April 2008

Referat Instituttutvalsmøte for AHKR

1. april 2008

Grupperom G Sydneshagen skule


Til stades:

Marius Kjørmo (historie) – ordstyrar

Håkon Tandberg (religion)

Elisabeth Vollstad Moe (religion)

Ingrid Myrstad (historie)

Reidar Nåden (historie)

Line Grønstad (kulturvitskap) - skrivar

Anette Basso (kulturvitskap)

Åsne Helleve (arkeologi)


Kjersti (Europastudie)

Andreas (Europastudie)

Ebbe Meinild (Region og regionalisering)


Anders Tangen (HFSU) – gjekk etter fyrste sak

Kjartan Pedersen (HFSU) – gjekk etter fyrste sak


Sak 1 Oppstart av HFSU

HFSU sin oppstartskomite beståande av tre frå Russisk, derav to tilstades hos oss i dag, har sidan påske starte med å få i gang HFSU igjen. Dette meiner dei kan best gjerast ved å få i gang demokratiet på grasrota. Utanom oss har ingen på HF eigne instituttutval, og mange manglar også fagutval. Det har heller ikkje vore ein studentinstans på fakultetsnivå på to år. Ved å setja i gang fagutval og sidan instituttutval meiner dei HFSU lettare kan setjast i gang, og grunngjev det også med manglande legitimitet på fakultetet for HFSU. Det er ikkje akkurat demokrati når ein meldar seg friviljug i staden for å bli velt inn. Det vert allmøte for faga utan fagutval i slutten av veka.


HFSU trengst for å skaffe representantar til ulike styre og stell som til dømes Fakultetsstyret, NSU, Valstyret, Studentrådet. Også for å arrangere Fadderveka. Viktig er også kommunikasjonsaspektet mellom ulike nivå i studentdemokratiet, og mellom studentar og fakultet. Har tidlegare vore ansvarleg for å organisere lesesalsplassar. Kva arbeidsoppgåver som skal falle på HFSU i framtida av denne typen må takast opp til vurdering, det er ikkje alle slike ting som skulle vere nødvendige å bruke studentfrivillige til.


Til å få i gang HFSU trengst det ein person frå kvart av dei seks institutta.


  • Innvending frå Håkon er at mange blir med i fagutvalet for å gjere ting for faget, ikkje for å måtte ha masse verv.

  • Svar frå Anders er at engasjement startar på faget, og at det er lettare å engasjere seg vidare frå fagutvalet.

  • Kjersti er samd, mange engasjerer seg i fagutvalet etter rekrutteringsarbeid under fadderveka.

  • Håkon meiner det kan bli mange verv per student, viktig å vere obs.

  • Ingrid seier at dersom HFSU kan skaffe mange nok utanom IU-representantane til å fylle verva, vil det vere betre sidan IU har mange verv å dekke utanom. IU-representanten kan då i staden fungere som bindeledd.

HFSU forlet møtet.


Som representant for IU-AHKR stiller Marius i eigenskap av leiar på møta fram til sommaren. Elisabeth stiller som vara.


Sak 2 Tverrfagleg arrangement – Materialitet

Egget torsdag fyrstkommande klokka 19. Målet er at faga på instituttet skal bli kjent med kvarandre, og er ei fortsetjinga av eit arrangement som var i haust. Alle faga skal presentere sitt syn på materialitet, og har fått nokon til å snakke ca 15 minutt. Utanom historie. Dei må ordne i løpet av dagen. Alle er invitert.


Det er eit problem at meldingar om slike arrangement blir lagt ut på dei enkelte faga, ikkje på instituttet. Dermed får ikkje programstudentane vite noko om dei dersom dei ikkje tek fag på instituttet.


Sak 3 Springbrettet – søke om pengar til arrangement

(http://www.springbrettet.org/nb/springbrettfondet )

1. mai er det frist for å søke om pengar til arrangement av ulike slag. Dette skulle vere midt i blinken for IU, og kan nyttast til foredrag, bedriftsbesøk eller andre ting. IU skal tenke på idear til hendingar som kan vere ønskjeleg å få støtte til.


Sak 4 Instituttet sine nye heimesider

Alle fagutvala må sende skildring av kva dei er, i tillegg til upersonleg epostadresse og eventuell heimeside. Det gjeld også programutvala, dei av dei som fungerer. Marius skal sjå på om det går å samanfatte skildringane av fagutvala i ein generell tekst. Heimesidene kjem opp neste veke, og dette må gjerast klart før det.


Sak 5 Instituttrådet sitt møte i går 31 mars

Håkon og Ingrid var der. Det var mykje snakk om økonomi. Mest relevant for studentane er endring som er gjort i talet på rettleiingstimar kvart semester for masterstudentar frå 10 til 9. Sidan fakultetet allereie har budsjettert med 9 timar kunne IR ikkje vedta noko anna enn å godkjenne. Det er konsekvens av mykje forskjellig, t.d. statsbudsjett, men har som konsekvens at presset på rettleiarane våre får mindre tid sidan dei fleste enn så lenge sannsynlegvis vil gje så mykje rettleiing som er nødvendig for studenten. Dette er eit eksempel på ei sak som HFSU kunne vore til nytte i. Marius tek opp dette på neste HFSU-møte.


Ei anna sak mange var opptatt av på dette møtet er manglande respons på PhDsøknadar. Dei får ikkje vurdering, berre ja eller nei, og det tek for lang tid å gje eit svar.


Sak 6 Møte i Utdanningskomiteen

Reidar var der. Skildringane av dei ulike faga skulle vore oppe til vurdering, men kan synast som at dette blir utsett eit semester til.


Sak 7 Programkomiteane med i IU?

Europastudie seier ja, dei saknar tilhald på AHKR. Region er meir usikker (grunna manglande organisert fagutval), men saknar også tilhald. Det er jamt over eit problem med dei tverrfaglege studia at det ikkje finst knutepunkt å danne miljø rundt. Klassekjensla manglar. Epostadressene står ved namna i byrjinga på referatet.


Sak 8 Karrivalen

Anette orienterer. HF er historisk god representert gjennom AHKR på Karrivalen i år. Onsdag om ei veke har dei arrangement i egget og vrimlearealet under egget på studentsenteret. Til stades vil det vere representantar frå forskingsmiljøet, private bedrifter og offentleg sektor. Formål er nettverksbygging og bli kjent. Alle i IU må spreie den glade bodskapen i eigne fagmiljø, Anette har med brosjyrar til oss med program i.


Sak 9 Søke om pengar frå instituttet til fagutval/instituttutvalsarrangement

Neste veke skal det vere eit møte med leiarane frå alle fagutvala og Britt Kristin Holsen, administrasjonssjef på AHKR for å klargjere dette. Vi vil ha klare retningslinjer. Håkon ventar på epost frå Britt, og sender vidare til leiarane.

Ingen kommentarer: